Ølen Betong - hjem

Opning av idrettshall, bygget i betongelementer

Lørdag 27. august kunne varaordførar Marit Hustvedt Aga kutte det raude bandet med ei innebandy kølle og offisielt opne idrettshallen i Vikedal. Eit bygg som er produsert i lyse elementer frå fabrikken i Sandeid. Denne har vore under Ølen Betong sin paraply sidan desember 2010.

Publisert: 29.08.2011

Ein idrettshall må opnas på idrettsleg vis. Varaordførar frå Sandeid, bygda der elementene er produserte, bruka ei innebandy kølle til å slå av det raude bandet og erklære hallen for opna.

Idrettshallen som ligg vegg i vegg med samfunnshuset i Vikedal, er stor og lys. Den er bygd som eit samarbeid mellom tre nabobygder og med ein imponerande dugnadsinnsats. Bygget blei feira fredagskvelden kor også ordføraren var med. Laurdag var det open dag med musikkorps, drilljenter og fotballkamp inne i hallen. Denne var i bruk heile dagen av born og ungdom som testa den ut.

Fabrikken i Sandeid har produsert elementer for alle typar bygg gjennom fleire 10-år. Ein rundtur på Haugalandet for å sjå på desse kunne imponera oss. Flotte bustadhus, industri og forretningslokaler, landbruksbygg og idrettshall. Men det største praktbygget som nå har reist seg er Skåredalen kirke som Misjonsmenigheten i Haugesuund står bak. Også denne i lyse element frå Ølen Betong sin fabrikk i Sandeid.